Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Sykehusbygg

Historisk dag da statsministeren la ned grunnsteinen for SNR

- Dette prosjektet har hatt ei lang reise og denne dagen er vi mange som har ventet på, sa Solberg då ho gjekk på scena under dagens markering på Hjelset.

Publisert 21.06.2021
Sist oppdatert 25.10.2021

​- Sjukehuset Nordmøre og Romsdal er eit stort prosjekt og det gir tilsette og pasientar betre forhold, fortsatte Solberg​

Statsministeren legger ned grunnsteinen

Statsministeren legger ned grunnsteinen

Paula Skår Næss som er leiar for brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal bisto  statsministeren med å løfte den viktige grunnsteinen på plass.

Sjå opptak frå grunnsteinsmarkeringa her

Sjå den nye animasjonsfilmen om akuttsjukehuset her

 

 

 

Talar under arrangementet

Frå scena fekk dei frammøtte høyre talar frå styreleiar i Helse Møre og Romsdal Ingve Theodorsen, adm. direktør i HMR Øyvind Bakke og styreleiar i Helse Midt-Norge Tina Steinsvik Sund. Alle tre la i sine ord vekt på gleda over endeleg å kunne leggje ned grunnsteinen for eit prosjekt som har hatt nok motgang, og at tida no var inne for å samle befolkninga rundt å realisere prosjektet på ein god måte til det beste for pasienttilbodet.

Les tala frå styreleiar i HMR Ingve Theodorsen her

Les tala frå adm.dir. i HMR Øyvind Bakke her

Styreleiar i HMR Ingve Theodorsen, statsminister Erna Solberg, adm. direktør Øyvind Bakke og vise. adm. dir, Heidi Nilsen​

Styreleiar i HMR Ingve Theodorsen, statsminister Erna Solberg, adm. direktør Øyvind Bakke og vise. adm. dir, Heidi Nilsen​

- Eg kjenner meg trygg på at vidareutviklinga og bygginga av akuttsjukehuset på Hjelset og SNR Kristiansund vil skje i eit godt samspel mellom prosjektet, medarbeidarane, tillitsvalde, verneombod, brukarar, omkring liggjande kommunar, fylkeskommunen, næringsliv og andre interessentar, sa Bakke
 
- La mi flyforseinking bli den siste i dette sjukehusprosjektet avslutta Solberg i si tale. ​

 

Folkefest på Hjelset

På grunn av koronapandemien var gjestelista inne på byggetomta avgrensa, men lokalbefolkninga hadde møtt fram i hundretal og fekk med seg heile seremonien frå orkesterplass rett ovanfor byggetomta.

 

Lokalbefolkninga stod oppe på vegen og følgde markeringa

Lokalbefolkninga stod oppe på vegen og følgde markeringa

Alle gjestene fekk ei omvising på sjukehustomta av prosjektleiinga og allereie før jul vil bygget begynne å reise seg på Hjelset.​

Prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal fortelle statsministeren om status i prosjektet

Prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal forteller statsministeren om status i prosjektet

Denne saken er hentet fra Helse Møre og Romsdals nettsider​