Konseptrapporten for nytt sjukehus i Møre og Romsdal sendast ut på høyring
Tilbakemeldingane frå styret i Helse Møre og Romsdal har vore positive og vedtok å senda konseptrapporten ut på høyring 1. september. Høyringsfristen er sett til den 14. oktober.
Les Høyringsbrev – Konseptrapport for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal
Helse Møre og Romsdal HF har nå sendt konseptrapporten for prosjektet Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) ut på offentleg høyring. Mandatet for konseptfasen er å sikra eit grunnlag for å kunne gå vidare med forprosjekt i 2017.
Meir informasjon om prosjektet finnast på Helse Møre og Romsdal sine nettsider her.
I konseptfasen er det utgreidd følgjande alternativ for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal:
- Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset, med eit godt poliklinisk tilbod/distriktsmedisinsk senter i Kristiansund.
- To ulike verksemdsalternativ for innhaldet i spesialisthelsetenestetilbodet i Kristiansund.
- Basert på dei to verksemdsalternativa for spesialisthelsetenestetilbodet i Kristiansund, har vi vurdert alternativa plassert både i dagens Kristiansund sjukehus og i nye lokale.
Styret har ifølge styreleiar Stein Kinserdal ikkje teke stilling til kva alternativ som er det beste. Derfor oppmodar dei alle aktørar som blir påverka av prosjektet om å gje innspel og synspunkt for å kunne få eit så godt avgjerdsgrunnlag som mogleg.
For meir informasjon om vidare arbeid og høyringskonferansar, sjå https://helse-mr.no/om-oss/nyheiter/nyheiter-2016/velkommen-til-hoyringskonferanse-om-snr
Gode møter i Molde og Kristiansund
Informasjon og dialog om Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) var målet da leiinga i Helse Møre og Romsdal og prosjektorganisasjonen for SNR møtte tilsette, politikarar og befolkninga i Molde og i Kristiansund.
Les mer om resultatene fra møtene her.