logo Sykehusbygg

Prioriterer SNR-modell

Prosjektet Sjukehuset i Nordmøre og Romsdal (SNR) har vald ut ein av tre arkitektmodellar frå mogelegheitsstudien. – Denne modellen vil vi prioritere å jobbe meir med, seier prosjektdirektør Bjørn Remen.

Publisert 22.08.2019
Sist oppdatert 01.08.2022
Diagram


Prosjektet Sjukehuset i Nordmøre og Romsdal (SNR) har vald ut ein av tre arkitektmodellar frå mogelegheitsstudien. – Denne modellen vil vi prioritere å jobbe meir med, seier prosjektdirektør Bjørn Remen.

 

Modellen, som er kalla «Hus 3», er foreslått vidare til skisseprosjektet som startar over nyttår.

 

Sjukehuset blir ikkje nødvendigvis sjåande slik ut, men modellen viser korleis ein kan utnytte tomta på ein god måte, fortel prosjektdirektør Bjørn Remen, ifølge nettstaden til Helse Møre og Romsdal.

 

Tre modellar vurdert

 

I mogelegheitsstudien er tre ulike modellar vurdert opp mot kriteria funksjon, flyt, arkitektur, robusthet, landskap, trafikk, miljø og energi, teknikk, byggteknikk og økonomi/investeringskostnad.

 

Samtidig med diskusjonane om planskisse for sjukehuset, arbeider ein parallelt med spesialisthelsetilbodet i Kristiansund.

 

Klart best på funksjon og flyt

 

Modellen «Hus 3» skårar klart best på kriteria funksjon og flyt. Her er det sett på nærleik for pasient og besøkande, nærleik for personalflyt, nærleik for sentrale funksjonar, god trafikkseparering, gode behandlingsforløp, god varelogistikk, god pasientflyt og god personalflyt.

 

– Desse kriteria er vekta tungt av prosjektet, og modellen «Hus 3» er den einaste som skårar godt både på funksjon og flyt, fortel prosjektdirektør Bjørn Remen.

 

Står seg godt i endring

 

Prosjektleiar i Sykehusbygg, Pål Ingdal, fortel at prosjektet har søkt etter å få til eit funksjonelt og robust alternativ som kan gjennomførast innan ei god økonomisk ramme.

 

– Robustheit går ut på at konseptet skal kunne tilpasse seg andre arealkrav og tole mest endring. Det skal vere fleksibelt og tole endring også etter at sjukehuset er bygd, forklarer Ingdal.

 

Prosjektet har vurdert at modellen «Hus 3» er den modellen som står seg best i endring.

 

Annan modell best økonomisk

Evalueringa viser at ein annen modell, «Base med tårn», kjem best ut når det gjeld investeringsøkonomi. Det er gjort ei grov vurdering av investeringskostnaden basert på arealet av ytterflatene og driftskostnader/årskostnader.

– Men det billigaste alternativet løyser ikkje nødvendigvis oppgåva, seier arkitekt Johannes Eggen, og viser til at alternativet «Base med tårn» skårar raudt etter kriteria funksjon og flyt.

– Og raudt betyr: Styr unna, understrekar Eggen.

– Kva betyr det at modellen «Hus 3» har gul skår etter evalueringa

– Det betyr at samanlikna med ein annan modell, så blir det litt dyrare. Alle modellane som er presentert skal kunne realiserast innan dei økonomiske rammene som er gitt i prosjektet, svarer Eggen.

Vidare til skisseprosjekt

Modellen «Hus 3» er den modellen som no går vidare til skisseprosjektet. I skisseprosjektet set ein hovudstruktur for dei kliniske funksjonane, hovudtrafikkårar i bygget, logistikk og pasientflyt inkludert vareforsyning.

Denne fasen inkluderer også arkitektonisk konsept med teikningar av fasadar, prinsippløysingar for teknikk, logistikk og trafikk og planteikningar av dei kliniske funksjonane sin hovudstruktur.

Les meir om: Evalueringskriteria

Les meir om: Moglegheitsstudien